14-Dec

Privacy

Fødiverset – framtida til sosiale medium?

Elon Musk har skapt furore med sitt oppkjøp av Twitter. Facebook bryt stadig personvernlovene. Men det finst faktisk eit heilt univers av sosiale medium der ute som lét oss eiga innhaldet vårt sjølv, på tvers av appar, utan personvernbrytande reklamar og sporing. Lat meg introdusere deg for Fødiverset.

7 min read

·

By Mats Byrkjeland

·

December 14, 2023

Som e-post for sosiale medium

The Fediverse, ofte kalla Fødiverset eller Allheimen på norsk, består av ei mengd desentraliserte sosiale medium. For å forstå kva det betyr, lat oss snakka litt om e-post. Eg kan ha Gmail, du kan ha Yahoo. Likevel kan me senda e-post til kvarandre, og bruka akkurat den e-postklienten/-appen me vil, til dømes Apple sin Mail-app. Fødiverset er som e-post for sosiale medium. Sjå for deg at du har éin app og kan få både tweets, Instagram-postar, Facebook-meldingar og snaps i den same straumen.

E-post fungerer som det gjer fordi det baserer seg på ein protokoll som alle e-posttenarar kan snakka og forstå. Denne protokollen heiter SMTP og er frå 1972. Alle applikasjonar som er knytta til Fødiverset må òg snakka det same språket, og har sin eigen protokoll. Denne heiter ActivityPub og vart standardisert av World Wide Web Consortium (W3C) i 2018. I denne artikkelen vil eg ikkje gå for mykje inn på det tekniske. Lat oss heller snakka om kva du finn på Fødiverset, korleis du kjem i gang, og kva det kan bety i framtida.

Eit univers av appar

Sjølv om du ikkje har høyrt om Fediverse før, så kan det kanskje vere du har høyrt om Mastodon. Dette er den klart mest populære appen på Fediverse. Mastodon er ein slags Twitter-klone, der ein deler korte meldingar i kjent Twitter-stil. Ein har òg Instagram-klonen Pixelfed, PeerTube for YouTube, Friendica liknar på Facebook, Bookwyrm liknar på Goodreads. Det finst mange appar på Fødiverset, og alle kan snakke med kvarandre.

Dersom du opprettar ein konto på Mastodon, så kan du så klart følgje andre Mastodon-brukarar, men òg brukarar på Friendica, Pixelfed eller andre ActivityPub-støttande tenester. Det er dette som er så kult med Fødiverset! Det er eit heilt økosystem. Du er ikkje nøydd til å registrere deg hjå éin aktør, du kan finne akkurat den appen eller tenesta som passar deg og dine behov best – og framleis kommunisere med alle andre.

Du må velje server

Dersom du har lyst å kome i gang med Fødiverset så er det første du må gjere å velje server. Akkurat som at du må velje e-posttilbydar som Gmail eller Outlook for å sende e-post, så må du det same for meldingar i Fødiverset.

Kvar server kan ha forskjellige reglar og ønska innhald, så les gjennom dette før du registrerer deg. Den klart største er Mastodon sin hovudserver på https://mastodon.social. Det kan vere ein fin plass å starte. Eit par populære norske er https://oslo.town og https://snabelen.no. Nokre serverar kan nekte å samhandle med andre serverar. Mastodon har gode verktøy for å flytte frå ein server til ein annan, men du er ikkje garantert at andre ActivityPub-appar støttar dette.

Du kan òg køyre din heilt eigen server, om du vil! Mastodon tilbyr kode som gjer det ganske enkelt å setje opp sin eigen Mastodon-instans. Då har du full kontroll, men må sjølvsagt stå for vedlikehald og driftskostnadar sjølv.

Etter du har registrert deg får du ei adresse som andre kan bruka for å identifisere deg. Denne liknar litt på ei e-postadresse. Slike adresser startar med @ etterfølgd av brukarnamnet ditt, etterfølgd av ny @ og så serveren sitt domene. Adressa mi er @draperunner@mastodon.social. Følg meg!

Fødiverset har sine utfordringar

Fødiverset kan verte stort. Verkeleg stort. Men det er nok av utfordringar som kan setje kjeppar i hjula for dette. Eg vil nemne nokre her.

Brukarvennlegheita er ei utfordring. Mastodon er ei digg teneste å bruke, men fleire av dei andre appane ber preg av å vere designa av utviklarane. Folk forventar digge tenester, så det vil vere eit krav for suksess.

Det at ein må finne ut kva for ein server ein vil kopla seg til først, er eit steg ein ikkje treng i dei sentraliserte sosiale media. Om ein vil vere på fleire tenester og serverar, så må ein registrere kontoar på kvar enkelt. Det er rett og slett litt meir komplekst enn tradisjonelle tenester. Mastodon har riktignok gjort det lettare på sine offisielle tenarar ved at mastodon.social er standardvalet.

Å finne folk ein vil følgje er heller ikkje så lett. Ein kan ikkje søke på tvers av alle moglege serverar. Det er inga oppslagsbok for alle brukarar på Fødiverset, sjølv om nokon har prøvd å lage det (t.d. nedlagte FediFinder). Ein kan altså ikkje søke etter folk med fullt namn som på Facebook, ein må få tak i adresser på andre måtar.

Mange populære serverar er i dag drivne av enkeltpersonar. Driftskostnadar veks jo fleire som brukar ein server, så dersom desse kostnadane vert større enn personen kan takle, så må ein kanskje stenge ned. Dette fører til usikkerheit. I tillegg må ein stole på at dei som driv serveren handsamar persondataen og innhaldet ditt på ein forsvarleg måte. Moderering av innhald kan òg verte krevjande for små aktørar dersom serveren vert populær.

Den største utfordringa for konkurrerande sosiale medium er at folk vil vere der andre folk er. Det er vanskeleg å slette Facebook fordi alle vennane dine er nettopp der. Det er rett og slett for få som brukar Fødiverset i dag. Særleg innhaldsprodusentar er viktige å få over.

Store krefter i sving

Sjølv om det er forholdsvis få på Fødiverset i dag, så er det store aktørar der ute med seriøse initiativ for å ta i bruk ActivityPub-protokollen og dermed Fødiverset. WordPress lanserte ActivityPub-plugin i oktober i år. Tumblr har sagt at dei ønskjer å ta i bruk protokollen, men det kan sjå ut som at dette arbeidet har stoppa opp. Flickr har òg ytra at dei snusar på ActivityPub-integrasjon. Om desse får med alle brukarane sine over til Fødiverset, så snakkar me game-changer.

Mozilla Foundation, som står bak blant anna Firefox, viser stor interesse for ActivityPub. Mozilla ønskjer å bidra til å lage sunne og bærekraftige sosiale opplevingar på internett, og har stor pondus med si lange erfaring med open-source-arbeid. Dei har oppretta https://mozilla.social som i skrivande stund har ei venteliste for å joine. Fødiverset treng slike store, tillitsvekkande aktørar.

BBC eksperimenterer med plattformen og forklarar på Fediverse-podcasten Dot Social om tankane og planane sine rundt dette.

Tydelegvis skal over to millionar brukarar ha flytta over frå Twitter til Mastodon allereie november 2022. Det kan tenkast at dette har aukt ein del sidan då.

Eig din eigen data

Ved å køyre din eigen server kan du eige din eigen data. Det er kanskje ikkje så aktuelt for enkeltpersonar, men for bedrifter og organisasjonar burde dette vere interessant. I november 2022 – etter Elon Musk sitt oppkjøp av Twitter – kunne me lese at Politiet var på utkikk etter eit alternativ til Twitter der dei ikkje er avhengige av ein tredjepart. Høyrest ikkje det perfekt ut for Fødiverset?

Offentlege etatar, kommunar og andre verksemder burde vere på Fødiverset. Ikkje tving folk til å vere på sosiale plattformar som bryt personvernet, for å tene verdas rikaste folk.

Samtidig er det forståeleg at Politiet og andre ikkje er på Fødiverset. For dei vil nå folket, og folket er ikkje der – i dag. Det er ein «høna eller egget»-situasjon: innhaldsprodusentane vil ikkje ta i bruk Fødiverset før det er mange nok folk der. Folk vil ikkje vere på Fødiverset før det er nok innhald der.

Spre ordet!

Fødiverset er svært lovande og kan stå for ei drastisk endring av korleis me brukar sosiale medium i framtida. Det er eit heilt økosystem av tenester der ute, med protokollen ActivityPub som motor for det heile. Med Fødiverset kan me skape friare og sunnare samfunn på internett. Men det har mange utfordringar framfor seg som gjer at det vil ta tid før dette vert ein realitet.

Om du synst dette høyrdest spennande ut, så er det eit par ting du bør gjere for å hjelpe Fødiverset med å vekse:

  • Ta det i bruk sjølv! Registrer deg på f.eks. Mastodon eller Pixelfed. Følg hashtaggen #catsofmastodon for søte kattar og #norsktut for norske norske tutar (ein «tut» er eit innlegg på Mastodon, som «tweet» på Twitter).
  • Spre ordet! Fortel andre om Fødiverset. Er du journalist som dekkar sosiale medium? Begynn å skrive om moglegheitene i Fødiverset!
  • Er du influenser eller innhaldsprodusent anten personleg eller gjennom jobben? Begynn å publisere på Fødiverset!