18-Dec

Personal Development

Dei usynlege komplimenta

Har du nokon gong lagt merke til kor mange usynlege kompliment du får i løpet av ein dag? Det er kanskje fleire enn du veit. Eg trur vi gjev kvarandre kompliment på små, kviskrande måtar heile tida. I arbeidsdagen, på fritida, med familie og vennar.


3 min read

·

By Ingrid Fosså

·

December 18, 2022

Eg har høyrd mykje om kor viktig det er å skape ein tilbakemeldingskultur i teamet. Ein drøymer om eit team der ein får høyre det når ein gjer noko bra, der folk er trygge på kvarandre og der vi bygg opp kvarandre sin sjølvtillit. Vi har lyst til å løfte kvarandre opp og fram, rose kvarandre, vise folk at dei vert sett pris på. Eg trur dei fleste kan vere samde om at det er viktig å jobbe mot ein slik kultur.

På motsett side står den norske “intet hørt, alt vel”-modellen. Folk seier som regel i frå om dei ikkje er nøgd med arbeidet ein har gjort, men seier ikkje så mykje når alt er bra. Å skape ein meir aktiv tilbakemeldingskultur er ikkje gjort over natta, og medan vi ventar på – og jobbar mot – ein slik kultur trur eg vi har godt av å leite litt etter dei stille komplimenta. Dei som ikkje vert formidla gjennom ord, men likevel er eit teikn på respekt og tillit.

- Personen som nikka og var samd i forslaget ditt på standup (det betyr at du har gode idéar og innspel).
- Dei som bad deg om hjelp den gongen (dei har tru på at du kan lære dei ting).
- Alle som har ledd av vitsane dine (eit kompliment på humoren din).
- Folka som forsynte seg to gonger av maten du laga, eller bad deg om oppskrifta (så flink du er til å lage mat!).
- Dei som tok av headsettet sitt på slutten av arbeidsdagen for å seie "ha det bra" (du er viktigare enn å høyre ferdig den songen).
- Ungen din som ringde for å spørje deg om råd (dei trur at du har betre svar enn google, eller at du i det minste er trivelegare å prate med)
- Han som stadig utfordrar innspela dine (det er ikkje vits å utfordre folk om dei er heilt på jordet, ein må ha tru på endring og læring for å gidde).

Vi har masse små ting som vi ikkje ville gjort om vi ikkje respekterte folka rundt oss. Eit fråvær av desse tinga tyder likevel ikkje at folk ikkje liker deg. Folk er ulike og har ulike språk for setje pris på folka rundt seg. Og joda, dette er kanskje å lese litt mykje inn i handlingane til folk, men er det så farleg eigentleg? Eg trur det kan kome mykje godt ut av at vi antar at folk har gode hensikter med tinga dei gjer og seier.

Eg håper den siste tida inn mot jul kan vere ei der du leitar litt ekstra etter dei usynlege komplimenta folk sender deg. Eg håpar du vil sjå at du er meir verdsett enn du visste og at det kan gjere deg tryggare på deg sjølv. Kanskje vil du også leggje litt meir merke til folka rundt deg, og verte bevisst på kva signal du sender tilbake?