Noko rører seg i bransjen vår. Det kjennes som eit skifte står på trappene. Rolla til designaren er i endring, og det reiser nye spørsmål: Er designaren i dag den same som i 2012? Kva skjer med brukargrensesnittet slik me kjenner det? Kva rolle får KI – og kva rolle står att til oss? Er me framleis designarar, eller er me i ferd med å bli noko anna?
Tidlegare i haust hadde Designavdelinga i Bekk ein kveld der me samla oss for å sjå på nettopp designaren før, no og i framtida. Me brukte metoden octopus clustering for å sortere og clustre tankane våre. Me diskuterte kva kjernekunnskapen ein designar bør ha i dag er, kva den var før, og kva me trur den kan vere i framtida.
Designaren før
Kva designar var eg då eg i 2012 gjekk ut av UiO med interaksjonsdesign-masteren i handa? Eg var lært opp i wireframing, akademisk tenking, refleksjon og skriving. Brukaren var nøkkelen, og både kvalitativ og kvantitativ innsikt blei sett på som gull. Eg visste at å designe for mobile einingar var i startgropa, og eg var lært opp til å skrive kravspesifikasjon inkludert wireframes som eg kunne levere til ein utviklar som deretter skulle skape magi og sette straum på skissene mine.
Design var ein fase i prosjektet, og det var lite eigarskap etter overlevering til utviklarane. Det handla om informasjonsarkitektur og brukarflyt, brukarvenlegheit stod sterk, og me brukte mykje best practice i det me gjorde. Som student hadde eg full kontroll på alle Jakob Nielsens sine heuristikker og dei seks brukbarheitsmåla i HCI (Human-Computer Interaction) – desse var heilage.
Som nyutdanna designar hadde eg god kontroll på korleis noko skulle sjå ut og fungere, men mindre på kvifor – eller kva det faktisk ga av verdi. **Det var eit klart skilje mellom grafisk designar og interaksjonsdesignar. Felles for begge var at me ofte jobba før utviklinga starta, hadde avgrensa teknisk forståing, og at det var eit tydeleg skilje mellom design og kode.
Heldigvis utvida horisonten min seg alt eit par månadar seinare då eg fekk krasjkurs i smidig på Bekk sin bootcamp (oppstartsveke med læring og sosialt for nye), og endå meir eit par månadar seinare då eg trappa opp på mitt første ekte oppdrag og faktisk skulle designe noko visuelt i Photoshop, Illustrator **og Balsamiq. Og sånn har det rulla og gått, metoder og arbeidsmetoder har kome og gått, eg har vore heldig og utvikla meg heile vegen gjennom å erfare og lære i oppdrag ute hos kunde, og gjennom å høyre på andre sine erfaringar.
Designavdelinga vår diskuterte oss fram til at kjernekompetansen før (her snakkar eg om åra kring 2012–2015) var skisser (tegne wireframes, detaljere ut skjermbilete, kravspek, handover av skisser) teikna i ulike verktøy (Balsamiq, handskisser, Photoshop), fokus på testing (labtest, observasjon, intervju) og det var leveransefokus der me strukturerte innhaldet. Det var eit tydeleg skilje mellom interaksjonsdesignar, designar og frontendar – i ein slags trio. Og designarane kjempa for sin plass i teama.
Designaren no
Kven er designaren i dag? På mange område er me jo (sjølvsagt vil nokon seie) den same designaren me var for 10 år sidan. Eg meiner likevel at me har bevega oss eit steg bort frå å vere ein fase i starten av utviklingsløpet til å vere ein kontinuerlig praksis. Designaren i dag er ein medskapar av løysinga. Me er ein del av produktteam, ofte i ein produkttrio, og i motsetnad til då det var eit tydeleg skilje mellom interaksjonsdesignar, grafisk designar og frontendar smeltar rollane meir saman.
Der me før brukte mykje tid på å planlegge, halde og oppsummere brukartestar, så gjer me i dag testing gjennom hypoteser. Me prototyper i Figma/Figjam med hjelp av komponentar frå verksemdene sitt komponentbibliotek, og me har eit sterkt blikk på universell utforming, og er opptatt av samspelet mellom forretning, brukarar og teknologi.
Dagens designar har eit tett samarbeid med utviklarane og produkteigar, forstår tekniske rammer og konsekvensar, og brukartesting blir gjort som beslutningsgrunnlag i innsiktsfasen, ikkje som ei validering av produktet/tenesta på slutten av utviklingsløpet. Me har ei djup fagleg breidde, evnar å fasilitere komplekse diskusjonar, forklare og prioritere. Designarane i dag er meir strategiske og jobbar mindre med å flytte pikslar.
Dette reflekteres også i diskusjonen hos Designavdelinga. Me kategoriserte kjernekompetansen til dagens designar i bolkane kvalitativ innsikt, bruke designsystem, visualisere og kommunisere, samt jobbe brukarsentrert og med hypoteser. I dag jobbar me med systemisk design, tett på forretning, juridisk og organisasjonen. Me er involvert i produktleiing og er med på å sette mål og retning.
Designaren i framtida
Når Designavdelinga i Bekk prøvde å sjå inn i krystallkula for kven framtidas designar er, landa me på ei kjernekompetanse som handlar mindre om skjermar – og meir om menneske, system og val. Designaren må kunne visualisere og kommunisere kompleksitet, vere eit menneskeleg korrektiv i møte med KI, ha kontakt med ekte brukarar og teste løysingar for å sjå om dei faktisk fungerer – også når KI er involvert.
Me ser allereie teikn til at brukargrensesnittet er i endring. Når KI i aukande grad blir styrt gjennom tekst, stemme og kontekst, nærmar me oss på mange måtar eit meir kommandobasert samspel igjen – berre på menneskelege premissar. Det betyr ikkje at grensesnittet forsvinn, men at det endrar form og rolle.
Me trur designaren vil få ei større rolle i å påverke og tolke lovverk som skildrar tenester, i å finne skjæringspunktet mellom brukar og forretning, og i å fordøye kompleksitet til noko forståeleg. Framtidas designar blir meir strategisk: ein som jobbar med system og økosystem, definerer maskin–maskin-grensesnitt, er ambassadør for merkevare og identitet – og som evnar å bruke KI bevisst, mellom anna gjennom godt utforma promptar.
Eit viktig kjenneteikn er vridinga mot å jobbe meir med system enn med skjermar, og meir med rammer enn med ferdige løysingar. Spørsmålet blir ikkje om form og farge sluttar å vere relevant, men kvar dei høyrer heime. Når mykje samspel skjer utan tradisjonelle skjermflater, flyttar det visuelle seg frå å vere dekorasjon til å bli identitet, gjenkjenning og tillit – på tvers av flater, kanalar og system.
KI vil vere eit kraftfullt verktøy – noko me lærer oss å samarbeide med og utfordre – men ikkje ei erstatning for designfaget. KI kjem til å dekke meir av produksjonen – variasjonar, forslag, iterasjonar og optimalisering. Min kollega, Markus Lavoll Gundersrud, skriv om at prototypen må gjennopstå i luke nr. 11, dette er eit godt eksempel på kva KI kan dekke. Det design ikkje kan overlate til KI, er forståing av kontekst, vurdering av konsekvensar, etiske avvegingar og forankring i reelle behov. Der KI svarar raskt, må designaren stille dei rette spørsmåla.
Designaren dei neste åra blir ein systemtenkar, ein beslutningstakar og eit etisk kompass. Me blir viktige, ikkje fordi me produserer meir, men fordi me må velje rett – basert på kritisk tenking. I framtida kjem designaren til å spele ei viktig rolle i organisasjonsutvikling: å forankre val, avdekkje reelle behov og sikre at løysingar heng saman på tvers av teknologi, struktur og menneske.
Eg trur me framleis kjem til å jobbe med komplekse tenester og økosystem, slik me gjer i dag. Samstundes blir samspel mellom menneske og maskin avgjerande for at utviklinga ikkje skal skli ut. Designaren kjem til å setje retning, ikkje berre form. Design blir brukt som beslutningsstøtte, særleg i tidleg fase, der problemforståing og val av løysing er kritisk. Det krev skjerpa kritisk tenking, god domeneforståing, evne til å forklare konsekvensar – og vilje til å vere nysgjerrig og utfordrande.
Når me ser tilbake, er det lett å kjenne att designaren før – og designaren i dag. Framtida er meir utydeleg. Ho kjem ikkje som eit ferdig bilete, men som ei rekkje val me må ta undervegs. Det er likevel liten tvil om at kjernekompetansen vår ligg i botnen – slik ho gjorde før, slik ho gjer i dag, og slik ho kjem til å gjere i framtida.
Brukargrensesnittet vil endre seg. Verktøya vil bli smartere. KI vil spele ei større rolle. Midt i dette meiner eg designaren framleis vil vere viktig – for å skape meining, samanheng og tillit. For å gjere det me er gode på: å tilpasse oss, ta i bruk nye verktøy, stå stødig i innsiktsarbeid og analysere funn med kritisk blikk og brukarbehova i sentrum.
Me som designarar kjem til å halde fram, men kanskje må me bruke faget vårt til meir – og andre ting – enn berre grensesnitt.
Kanskje handlar ikkje framtidas designar om å bli noko heilt nytt, men om å vere tydelegare på kva me allereie er.