16-Dec

Design

Dagens designtips

Dagens designtips er en artikkelserie hvor forskjellige designere fra Bekk snakker om jobben de gjør, hvilke utfordringer de møter på, og kanskje kommer med et lite tips.

3 min read

·

By Åshild Aaen Torpe

·

December 16, 2022

Kven er eg?

  • Åshild Aaen Torpe
  • 35 år
  • Frå verdas vakraste bygd – Voss
  • Master i Informatikk: Design, bruk, interaksjon frå Universitetet i Oslo
  • Har jobba som interaksjonsdesigner i 10,5 år

Eg blei egentlig designar litt på slumpelukke ved å snuble ganske tilfeldig inn i informatikkverda då eg ikkje kom inn på førstevalet mitt etter vidaregåande. I løpet av dei tre åra mine på bachelorstudiet Nye Medier ved Universitetet i Bergen var eg innom mange ulike emne innan både informatikk og medier, og det var ikkje før ei forelesning med Tone Nordbø eg fann ut at interaksjonsdesign faktisk var ei eiga retning å gå. Eg satt heilt fortrylla og slukte alt som blei sagt – for ei lukke at akkurat det eg interesserte meg for var noko det gjekk an å jobbe med på heiltid! Back in the days i 2007 var ikkje interaksjonsdesign ei veldig kjend retning, og eg hadde rett og slett aldri høyrd om det før.

Kva gjer eg (og korleis)?

Det siste året har eg vore på oppdrag hos Entur der eg er så heldig å sitte saman med Ragnhild (frå designtips luke 8) og jobba med å lage verdas beste reiseplanleggar for app og web.

Det er utruleg motiverande og givande å skape noko eg veit at veldig mange nyttar seg av i kvardagen sin. I haust har me testa gjennom løysinga vår saman med ein blind brukar, og det har gjort at eg har lært mykje nytt om VoiceOver og korleis ein som ikkje ser nyttar seg av produktet me lagar. Å jobbe med, og ha spesielt fokus på, universell utforming, har gjort at eg er riktig så stolt over å vite at me leverer eit godt produkt som kan vere nyttig for alle. Noko anna som er kjekt er å kunne ha to designarar i same team, slik at eg alltid har ein diskusjonspartner ved sida av meg!

På den utfordrande sida har eg kjent på at det i den ideelle verda burde det eg gjer vere endå meir basert på måling, vere meir hypotesedrive og ha med seg utviklarane frå start. For min del har det vore litt for lett å gå i "koronafella". Med det meiner eg å stille eit spørsmål på Slack heller enn å stille det direkte til ein av utviklarane på kontoret og det å bruke liiiiitt for lang tid i Figma før diskusjon med utviklarar.

Kva tips ville eg ha gjeve til meg sjølv i starten av oppdraget?

Eg har ein gong høyrd at det tar opp mot seks månader å bli onboarda skikkeleg i eit team (om det er basert på fakta veit eg ikkje, men eg synes det er fint å tenke på uansett). Det er altså lov å vere ny (sjølv om ein har jobba i mange år), domenekunnskap kjem litt og litt med tida så ikkje stress med det.

Eit anna tips eg ville ha gjeve meg sjølv er å stupe inn i backlog og trimme denne for designarv tidleg. Saman med produkteigar kan ein rett og slett fjerne oppgåver frå Jira som tidlegare har vore viktige, men som kanskje ikkje er det lengre. Ikkje nødvendigvis fordi det er noko feil med desse oppgåvene, men på grunn av korleis retninga har utvikla seg med produktet du er med på å lage.

Up next...

Loading…